Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 42:8-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då kalla han til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både høg og låg,

9. og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til så dykkar audmjuke bøn kunne koma fram for han:

10. Dersom de vert verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje riva ned, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg er full av sorg over den ulukka eg har ført over dykk.

11. Ver ikkje redde for babylonarkongen, som de no ottast. Ver ikkje redde for han! lyder ordet frå Herren. For eg er med dykk; eg vil berga dykk og fria dykk ut or hendene hans.

12. Eg skal syna medkjensle med dykk, så han miskunnar seg over dykk og lèt dykk koma heim att til dykkar eige land.

13. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.

14. Nei, vi vil fara til Egypt, så vi skal sleppa å koma ut for krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

15. Gjer de det, så høyr Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Set de dykk føre å fara til Egypt og slå dykk ned som innflyttarar der,

16. skal sverdet som de reddast, nå dykk der i landet, og svolten som de syter for, skal fylgja dykk i hælane, og i Egypt skal de døy.

17. Alle menn som har sett seg føre å fara til Egypt og busetja seg der, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal koma unna og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.

18. Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Liksom min vreide og harme vart utrend over Jerusalems-buane, såleis skal min harme verta utrend over dykk om de kjem til Egypt. De skal koma ut for svartekunster og skræmsle, forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att.

19. Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal sanneleg vita at eg har åtvara dykk i dag.

20. De set då livet på spel. For fyrst sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det han seier, så skal vi gjera det.»

Les hele kapitlet Jeremia 42