Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 42:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Nei, vi vil fara til Egypt, så vi skal sleppa å koma ut for krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

15. Gjer de det, så høyr Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Set de dykk føre å fara til Egypt og slå dykk ned som innflyttarar der,

16. skal sverdet som de reddast, nå dykk der i landet, og svolten som de syter for, skal fylgja dykk i hælane, og i Egypt skal de døy.

17. Alle menn som har sett seg føre å fara til Egypt og busetja seg der, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal koma unna og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.

18. Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Liksom min vreide og harme vart utrend over Jerusalems-buane, såleis skal min harme verta utrend over dykk om de kjem til Egypt. De skal koma ut for svartekunster og skræmsle, forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att.

19. Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal sanneleg vita at eg har åtvara dykk i dag.

20. De set då livet på spel. For fyrst sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det han seier, så skal vi gjera det.»

21. Men når eg i dag har kunngjort dykk dette, vil de ikkje høyra Herrens ord og gjera alt det han har sendt meg til å seia dykk.

22. No skal de vita at de kjem til å døy for sverd, av svolt og i pest på den staden de så gjerne vil fara til og slå dykk ned som innflyttarar.

Les hele kapitlet Jeremia 42