Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 41:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Sidan førte Ismael, son til Netanja, resten av folket i Mispa i fangenskap. Han førte bort både kongsdøtrene og alle dei andre som var att i Mispa, dei som Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til styresmann over. Så gav Ismael seg i veg, ville fara over til ammonittane.

11. Då Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, høyrde om alt det vonde Ismael, son til Netanja, hadde gjort,

12. tok dei med seg alle mennene sine og drog ut og ville strida mot han. Dei møtte han attmed den store dammen i Gibeon.

13. Då alt folket som var med Ismael, fekk sjå Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som fylgde han, vart dei glade.

14. Alle dei som Ismael hadde ført bort frå Mispa, snudde og gjekk attende til Johanan, son til Kareah.

15. Ismael kom seg unna med åtte mann. Han slapp frå Johanan og kom seg over til ammonittane.

Les hele kapitlet Jeremia 41