Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:4-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Omskjer dykk for Herren,ta bort dykkar hjartans ¬førehud,de Juda-menn ¬og Jerusalems-buar!Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjer,for alt det vonde de har gjort.

5. Kunngjer dette i Juda,rop det ut i Jerusalem:Lat hornet ljoma i landet,og rop av full hals:Samla dykk og lat oss gåinn i festningsbyane!

6. Lyft hærmerket ¬og før det til Sion!Berga dykk og stogga ikkje!For eg sender ei ulukke ¬frå nord,ei veldig øydelegging.

7. Ei løve stig opp or kjerret.Ein som herjar mellom folka,tek ut og fer frå sin stad;han vil gjera landet ditt ¬til ei audn.Byane dine skal leggjast i grus,så ingen kan bu der.

8. Bind difor syrgjeplagg ¬om livet,set i med klagerop og hyl!For Herrens brennande vreidehar ikkje vendt seg frå oss.

9. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal kongen og hovdingane ¬missa motet.Prestane skal stivna av redsleog profetane stå der lamslegne.

10. Eg sa: Å, Herre Gud,du har sanneleg svikedette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred»,og så sit sverdet ¬i strupen på oss.

11. På den tid skal det seiasttil dette folket og til Jerusalem:Ein vind som dirrar av hete,er på veg mot folket mittfrå dei snaue høgdene ¬i øydemarka,ikkje som når ein kastar ¬og reinsar korn,

12. nei, ein sterkare storm ¬kjem hit på mitt bod.No vil eg òg fella dom over dei.

13. Som uversskyer ¬stig fienden opp;hans vogner er som ein storm,hans hestar snøggare ¬enn ørnar.Ve oss, det er ute med oss!

14. Jerusalem, reinsa hjarta ditt ¬for vondskap,så skal du verta berga.Kor lenge vil du hysavonde tankar i hugen din?

15. Høyr, det kjem eit bod frå Dan,ei ulukkemelding ¬frå Efraims-fjella.

16. Sei frå til folk: Der er dei!Rop det ut over Jerusalem!Fiendar kjem frå land ¬langt borte,dei set i med hærrop ¬mot byane i Juda.

17. Som vaktmenn på ein åker ¬kringset dei landet,fordi det var trassig mot meg,lyder ordet frå Herren.

18. Di åtferd og dine gjerningarhar valda deg dette.Det er den beiske frukt ¬av din vondskap;no gjeld det ditt liv.

19. Å, bringa mi, bringa mi!Eg vrid meg i verk.Å, veggene i hjarta mitt!Hjarta mitt ankar seg, ¬eg kan ikkje teia.Eg høyrer lyden ¬av horn og hærrop.

20. Samanbrot på samanbrot ¬melder dei,ja, heile landet er herja.Brått vert telta mine ¬øydelagde,teltdukane rivnar ¬i ein augneblink.

21. Kor lenge må eg sjå hærmerkeog høyra hornljom?

22. Ja, fåvist er mitt folk,dei kjenner ikkje meg.Uvituge søner er deiog skjønar ingen ting.Glupe er dei til å gjera vondt,men dei har ikkje vit ¬til å gjera det gode.

Les hele kapitlet Jeremia 4