Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Ja, fåvist er mitt folk,dei kjenner ikkje meg.Uvituge søner er deiog skjønar ingen ting.Glupe er dei til å gjera vondt,men dei har ikkje vit ¬til å gjera det gode.

23. Eg såg på jorda ¬– ho var aud og tom,og på himmelen ¬– ljoset var borte.

24. Eg såg på fjella ¬– dei skalv,og alle haugane bivra.

25. Eg såg – det fanst ikkje ¬eit menneske,og alle fuglane ¬under himmelen ¬var flogne.

26. Eg såg – det grøderike landet ¬var ei øydemark,og alle byane var nedrivne.Det hadde Herren gjorti sin brennande vreide.

27. Så seier Herren:Heile landet skal verta ei audn,men eg gjer ikkje ende på det.

28. Difor syrgjer jorda,og himmelen der oppe ¬svartnar.For eg har tala og lagt min plan,eg gjer han ikkje om ¬og tek han ikkje att.

29. For gnyen av hestfolk ¬og bogeskyttararrømer kvar by.Dei gøymer seg i tettskogenog stig opp på hamrane.Alle byane er folketome,ingen bur i dei.

30. Du som er herja, ¬kva vil du gjera?Om du kler deg i skarlakog pryder deg med gullstas,om du gjer augo store ¬med sminke,gjer du deg fager til fånyttes.Dine elskarar vanvørder deg,dei står deg etter livet.

31. Eg høyrer støn ¬som av ei kvinne i rier,skrik som når ho føder ¬for fyrste gong.Det er Sions dotter som ropar;ho syp etter anden,retter ut hendene og seier:«Ve meg, maktlaus sig eg omi hendene på mordarar!»

Les hele kapitlet Jeremia 4