Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Israel, dersom du ¬vender om,så vend om til meg,lyder ordet frå Herren.Tek du bort ¬dei avskyelege gudane dine,så eg aldri ser dei meir,skal du sleppa å flakka ¬heimlaus ikring.

2. Og sver du ærleg, ¬rett og rettvist:«Så sant Herren lever»,skal folka verta velsigna i hanog prisa seg sæle i han.

3. Så seier Herren ¬til mennene i Judaog til dei som bur i Jerusalem:Bryt dykk nytt land,og så ikkje meir ¬mellom klunger!

4. Omskjer dykk for Herren,ta bort dykkar hjartans ¬førehud,de Juda-menn ¬og Jerusalems-buar!Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjer,for alt det vonde de har gjort.

5. Kunngjer dette i Juda,rop det ut i Jerusalem:Lat hornet ljoma i landet,og rop av full hals:Samla dykk og lat oss gåinn i festningsbyane!

6. Lyft hærmerket ¬og før det til Sion!Berga dykk og stogga ikkje!For eg sender ei ulukke ¬frå nord,ei veldig øydelegging.

7. Ei løve stig opp or kjerret.Ein som herjar mellom folka,tek ut og fer frå sin stad;han vil gjera landet ditt ¬til ei audn.Byane dine skal leggjast i grus,så ingen kan bu der.

Les hele kapitlet Jeremia 4