Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 39:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på moane ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen Nebukadnesar, som felte domen over han.

6. Babylonarkongen drap sønene til Sidkia der, medan faren såg på. Sameleis drap han alle stormennene i Juda.

7. Så lét han Sidkia blinda og batt han med bronselekkjer; han skulle førast til Babylon.

8. Kaldearane brende både kongsgarden og dei andre husa, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.

9. Nebusaradan, hovdingen over livvakta, tok dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket og førte dei bort til Babylonia.

10. Berre ein del småkårsfolk, som ingenting åtte, lét han vera att i Juda, og samstundes gav han dei vingardar og åkrar.

11. Om Jeremia gav babylonarkongen Nebukadnesar dette påbodet til Nebusaradan, hovdingen over livvakta:

12. «Ta han og ha tilsyn med han, men gjer han ikkje noko vondt. Berre det han sjølv bed om, skal du gjera med han.»

13. Livvakthovdingen Nebusaradan, hoffsjefen Nebusjasban, hærføraren Nergal-Sareser og alle babylonarkongens offiserar

14. sende bod om at Jeremia skulle takast ut or vaktgarden. Dei gav han over til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som skulle ta han heim til seg. Og så vart han buande mellom folket der.

15. Medan Jeremia sat fengsla i vaktgarden, kom Herrens ord til han, og det lydde så:

16. Gå og sei til nubiaren Ebed-Melek: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Det eg har varsla, lèt eg no koma over denne byen, til ulukke og ikkje til gagn. Det skal henda beint framfor augo på deg den dagen.

17. Men då vil eg berga deg, lyder ordet frå Herren. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene som du gruar for.

Les hele kapitlet Jeremia 39