Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 39:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då Sidkia, Juda-kongen, og alle stridsmennene hans fekk auga på dei, rømde dei. Dei tok ut frå byen om natta og la vegen gjennom kongshagen, ut porten mellom dei to murane, og fór bortover mot Jordan-dalen.

5. Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på moane ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen Nebukadnesar, som felte domen over han.

6. Babylonarkongen drap sønene til Sidkia der, medan faren såg på. Sameleis drap han alle stormennene i Juda.

7. Så lét han Sidkia blinda og batt han med bronselekkjer; han skulle førast til Babylon.

8. Kaldearane brende både kongsgarden og dei andre husa, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.

Les hele kapitlet Jeremia 39