Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 39:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. «Ta han og ha tilsyn med han, men gjer han ikkje noko vondt. Berre det han sjølv bed om, skal du gjera med han.»

13. Livvakthovdingen Nebusaradan, hoffsjefen Nebusjasban, hærføraren Nergal-Sareser og alle babylonarkongens offiserar

14. sende bod om at Jeremia skulle takast ut or vaktgarden. Dei gav han over til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som skulle ta han heim til seg. Og så vart han buande mellom folket der.

15. Medan Jeremia sat fengsla i vaktgarden, kom Herrens ord til han, og det lydde så:

16. Gå og sei til nubiaren Ebed-Melek: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Det eg har varsla, lèt eg no koma over denne byen, til ulukke og ikkje til gagn. Det skal henda beint framfor augo på deg den dagen.

17. Men då vil eg berga deg, lyder ordet frå Herren. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene som du gruar for.

18. Eg lèt deg sleppa unna. Du skal ikkje falla for sverd, men få livet til hærfang, fordi du sette di lit til meg, lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 39