Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:30-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim: Han skal ikkje ha nokon etterkomar som får sitja på Davids kongsstol. Liket hans skal slengjast bort og liggja i heten om dagen og kulden om natta.

31. Eg vil krevja han og ætta hans og mennene hans til rekneskap for det vonde dei har gjort. Eg sender over dei og over Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.

32. Så tok Jeremia ein annan bokrull og gav han til skrivaren Baruk Neriason. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp alt det som hadde stått i den rullen Jojakim, Juda-kongen, brende, og dessutan mange andre ord av same slaget.

Les hele kapitlet Jeremia 36