Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Kongen heldt til i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framføre han.

23. Kvar gong Jehudi hadde lese tre-fire spalter, tok kongen og skar dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet. Det heldt han fram med til heile bokrullen var oppbrend.

24. Men korkje kongen eller nokon av mennene hans som høyrde desse orda, vart så redde at dei reiv sund kleda sine.

25. Elnatan, Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna bokrullen, men han høyrde ikkje på dei.

26. Sidan baud kongen Jerakme’el, kongssonen, Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abde’el, at dei skulle gripa skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men då hadde Herren løynt dei.

27. Etter at kongen hadde brent bokrullen med dei orda Baruk skreiv opp etter Jeremias diktat, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

28. Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den førre rullen, den som Juda-kongen Jojakim brende.

29. Til Jojakim, kongen i Juda, skal du seia: Så seier Herren: Du brende denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du i rullen at babylonarkongen skal koma og øydeleggja dette landet og rydja ut både folk og fe?»

30. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim: Han skal ikkje ha nokon etterkomar som får sitja på Davids kongsstol. Liket hans skal slengjast bort og liggja i heten om dagen og kulden om natta.

31. Eg vil krevja han og ætta hans og mennene hans til rekneskap for det vonde dei har gjort. Eg sender over dei og over Jerusalems-buane og Juda-mennene all den ulukka som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.

Les hele kapitlet Jeremia 36