Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa: «Vi må seia frå til kongen om dette.»

17. Til Baruk sa dei: «Fortel oss korleis du kom til å skriva opp alt dette. Var det han som dikterte?»

18. Baruk svara: «Jeremia dikterte alle desse orda, og eg skreiv dei opp i bokrullen med blekk.»

19. Då sa stormennene til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia, og lat ingen få vita kvar de er!»

20. Så gøymde dei bokrullen i romet åt statsskrivaren Elisjama og gjekk inn i slottsgarden til kongen. Og dei fortalde han alt saman.

21. Då sende kongen Jehudi av stad etter bokrullen. Jehudi tok han frå romet åt statsskrivaren Elisjama og las han opp for kongen, medan alle stormennene stod ikring og høyrde på.

22. Kongen heldt til i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framføre han.

23. Kvar gong Jehudi hadde lese tre-fire spalter, tok kongen og skar dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet. Det heldt han fram med til heile bokrullen var oppbrend.

24. Men korkje kongen eller nokon av mennene hans som høyrde desse orda, vart så redde at dei reiv sund kleda sine.

25. Elnatan, Delaja og Gemarja naudbad kongen at han ikkje måtte brenna bokrullen, men han høyrde ikkje på dei.

26. Sidan baud kongen Jerakme’el, kongssonen, Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abde’el, at dei skulle gripa skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men då hadde Herren løynt dei.

27. Etter at kongen hadde brent bokrullen med dei orda Baruk skreiv opp etter Jeremias diktat, kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

Les hele kapitlet Jeremia 36