Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:

2. Ta ein bokrull og skriv i han alle dei orda eg har tala til deg om Israel og Juda og alle dei andre folka, frå den fyrste gongen eg tala til deg, då Josjia var konge, og fram til denne dag.

3. Kanskje all den ulukka eg har tenkt å føra over dei, får folket i Juda til å høyra, så dei alle vender om frå si vonde ferd; då vil eg tilgje dei deira synd og skuld.

4. Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.

5. Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus.

6. Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda.

Les hele kapitlet Jeremia 36