Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 35:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Jonadab Rekabsson gav læresveinane sine det bodet at dei ikkje skulle drikka vin, og det har dei halde. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Eg derimot har tala til dykk både seint og tidleg, men de ville ikkje høyra på meg.

15. Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane, og sa: «Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd, og lat gjerningane dykkar betrast! Hald dykk ikkje til andre gudar og dyrk dei ikkje! Så skal de få bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyra til og ville ikkje høyra på meg.

16. Ja, læresveinane åt Jonadab Rekabsson har nok halde det bodet som far deira gav dei, men dette folket ville ikkje høyra på meg.

17. Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, eg vil føra over Juda og Jerusalems-buane all den ulukka som eg har truga dei med. For dei høyrde ikkje då eg tala til dei, og svara ikkje då eg ropa til dei.

18. Men til rekabittane sa Jeremia: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De lydde bodet frå Jonadab, far dykkar, ja, heldt alle påboda hans og gjorde alt det han baud dykk,

19. og difor, seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, skal Jonadab Rekabsson aldri vanta menn som står i mi teneste.

Les hele kapitlet Jeremia 35