Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 35:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren på den tid Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda. Det lydde så:

2. Gå til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til Herrens hus, til eit av roma der, og gjev dei vin å drikka!

3. Då tok eg med meg Ja’asanja, son til Jeremia Habasinjason, brørne hans og alle sønene hans og alle dei andre rekabittane.

4. Eg førte dei inn i Herrens hus, i romet til læresveinane åt gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed hovdingromet, ovanfor romet åt dørvaktaren Ma’aseja, son til Sjallum.

5. Så sette eg fram for rekabittane krukker, fulle av vin, og staup og bad dei drikka av vinen.

6. Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab Rekabsson, gav oss ikkje lov til det. Han sa: «De skal ikkje drikka vin, korkje de eller borna dykkar.

7. De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vingardar. I telt skal de bu all dykkar tid, så de kan få leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»

8. Sidan har vi vore lydige mot far vår, Jonadab Rekabsson, i alt det han baud oss å gjera. I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.

9. Vi byggjer ikkje hus til å bu i og har korkje vingardar, jorder eller såkorn,

10. men bur i telt. Vi er lydige og gjer alt det far vår, Jonadab, baud oss.

11. Men då Nebukadnesar, babylonarkongen, drog fram mot landet, sa vi: «Kom, lat oss fara til Jerusalem, så vi kan sleppa unna kaldearhæren og aramearhæren.» Difor bur vi no i Jerusalem.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

13. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Gå og sei til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.

14. Jonadab Rekabsson gav læresveinane sine det bodet at dei ikkje skulle drikka vin, og det har dei halde. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, men lydt påbodet frå far sin. Eg derimot har tala til dykk både seint og tidleg, men de ville ikkje høyra på meg.

Les hele kapitlet Jeremia 35