Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 30:7-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Ja, stor er den dagen,han har ikkje sin like.Det vert ei trengselstid ¬for Jakob,men han skal koma ¬vel igjennom.

8. Den dagen skal det henda,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud,at eg bryt åket på nakken deiraog slit lekkjene deira sund;dei skal ikkje træla ¬for framande lenger.

9. Men dei skal tena ¬Herren sin Gudog David, kongen sin,som eg vil reisa opp ¬mellom dei.

10. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar,miss ikkje motet, Israel!lyder ordet frå Herren.For eg bergar deg ¬frå land langt borte,og di ætt frå landet ¬der ho er i fangenskap.Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt,og ingen skal skræma han.

11. For eg er med deg, ¬seier Herren,og vil frelsa deg.Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslagsom eg har spreitt ¬deg imellom;men deg gjer eg ikkje ende på.Eg tuktar deg med måte,men reint utan straffkan eg ikkje la deg vera.

12. Så seier Herren:Ubøtande er skaden din,ulækjande såret ditt.

13. Ingen fører di sak.Det er ikkje lækjedom ¬for ditt verkjesår,skinnet vil ikkje gro på det.

14. Alle dine elskarar ¬har gløymt deg,dei spør ikkje etter deg.Som ein fiende har eg ¬slege deg,nådelaust har eg tukta deg;for skulda di var storog syndene dine mange.

15. Kvifor klagar du ¬over skaden din,over di liding ¬som ikkje kan lindrast?Fordi skulda di er storog syndene dine mange,har eg gjort deg dette.

16. Men alle som slukte deg,dei skal sjølve verta slukte,alle dine fiendar ¬må fara i fangenskap.Og dei som plyndra deg,skal sjølve verta plyndra;alle som rana deg,gjev eg til rov.

17. Eg lèt såra dine groog lækjer dei slag du har fått, ¬seier Herren,du som vart kalla ¬den bortstøytte,Sion, som ingen ¬spurde etter meir.

18. Så seier Herren:Sjå, eg vil reisa opp att ¬Jakobs teltog miskunna meg ¬over hans bustader.Kvar by skal byggjast ¬på sin ruinhaug,kvar borg skal stå ¬på sin rette stad.

19. Frå dei skal lovsongen stiga,og lyden av folk ¬som skjemtar og ler.Eg lèt dei auka i tal ¬og ikkje minka,eg gjev dei ære, ¬dei skal ikkje ¬vanvørdast.

Les hele kapitlet Jeremia 30