Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 3:6-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der.

7. Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om.Det såg den trulause systera hennar, Juda.

8. Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg.

9. Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre.

10. Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren.

11. Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, har mindre skuld enn den trulause, Juda.

12. Gå og rop ut desse orda mot nord:Vend om, du fråfalne Israel!lyder ordet frå Herren.Eg ser ikkje lenger på deg ¬med harme,for eg er miskunnsam,lyder ordet frå Herren,eg vil ikkje evig vera vreid.

13. Berre vedgå di skuld,at du har gjort opprør ¬mot Herren din Gud.Du fór ikring ¬etter framande gudar– under kvart grønt tre,du høyrde ikkje på meg,lyder ordet frå Herren.

14. Vend om, de fråfalne søner! lyder ordet frå Herren. For eg er herren dykkar. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei ætt, og føra dykk til Sion.

15. Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn.

16. Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste.

17. På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta.

18. I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige.

19. Eg sa: Kor høgt eg ville ¬setja deg mellom søner!Eg ville gje deg eit herleg land,den fagraste arv mellom folka.Eg tenkte de ville kalla meg farog aldri venda dykk ¬bort frå meg.

20. Men liksom ei kvinne ¬er trulaus mot venen sin,var du trulaus mot meg, ¬du Israels ætt,lyder ordet frå Herren.

21. Høyr, det lyder gråt ¬på dei snaue høgdene,audmjuke bøner ¬frå Israels-folket;for dei har gått på vonde vegar,dei har gløymt Herren sin Gud.

22. Snu om, de fråfalne søner,så skal eg lækja dykkar fråfall.«Sjå her, vi kjem til deg,for du er Herren vår Gud.

Les hele kapitlet Jeremia 3