Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 3:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn.

16. Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste.

17. På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta.

18. I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige.

19. Eg sa: Kor høgt eg ville ¬setja deg mellom søner!Eg ville gje deg eit herleg land,den fagraste arv mellom folka.Eg tenkte de ville kalla meg farog aldri venda dykk ¬bort frå meg.

20. Men liksom ei kvinne ¬er trulaus mot venen sin,var du trulaus mot meg, ¬du Israels ætt,lyder ordet frå Herren.

21. Høyr, det lyder gråt ¬på dei snaue høgdene,audmjuke bøner ¬frå Israels-folket;for dei har gått på vonde vegar,dei har gløymt Herren sin Gud.

22. Snu om, de fråfalne søner,så skal eg lækja dykkar fråfall.«Sjå her, vi kjem til deg,for du er Herren vår Gud.

23. Det er lygn og svik, ¬det som hender på haugane,det ville ståket på fjella.Sanneleg, ¬berre hjå Herren vår Guder det frelse for Israel.

24. Heilt frå vår ungdomhar Skamma ete oppdet fedrane våre sleit i hop,sauene og oksane deira,ja, sønene og døtrene med.

25. Så lat oss liggja i vår skam,lat vanæra breia seg over oss!For vi har synda ¬mot Herren vår Gud,både vi og våre fedrar,frå vår ungdom til denne dag;vi har vore ulydige ¬mot Herren vår Gud.»

Les hele kapitlet Jeremia 3