Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når ein mannsender frå seg kona si,og ho går bort ¬og gifter seg med ein annan,kan han då koma til henne att?Ville ikkje landet reint ¬verta vanhelga?Og så skulle dusom har drive utukt ¬med mange menn,koma att til meg! seier Herren.

2. Lyft augo til dei ¬snaue høgdene og sjå!Finst det ein stad ¬der du ikkje lét deg ta?Frammed vegane sat du ¬og venta på elskararsom ein arabar i øydemarka.Du vanhelga landet ¬med utukt og vondskap.

3. Difor kom ikkje regnskurene,og det regnde ikkje om våren.Du hadde ei mine ¬som ei horkvinne,du ville ikkje skjemmast.

4. Likevel ropa du nyleg til meg:«Min far, ¬du er min ungdomsven.

5. Vil han vera evig vreidog alltid gøyma på harme?»Såleis tala du,men det du gjorde,var vondt, og det til gagns.

6. Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der.

Les hele kapitlet Jeremia 3