Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 27:16-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår.

17. Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys?

18. Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon.

19. For så seier Herren, Allhærs Gud, om søylene, bronsehavet, fotstykka og alt det andre som er att her i byen,

20. og som babylonarkongen Nebukadnesar ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, som fange frå Jerusalem til Babylon, i lag med alle stormennene i Juda og Jerusalem,

21. ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om dei kara som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem:

22. Til Babylon skal dei førast, og der skal dei vera heilt til den dagen eg tek meg av dei, lyder ordet frå Herren. Då hentar eg dei og fører dei attende til denne staden.

Les hele kapitlet Jeremia 27