Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:32-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

32. Så seier Herren, Allhærs Gud:Ei ulukke skal spreia segfrå folk til folk.Med eit veldig uver ¬ber det laustfrå ytste enden av jorda.

33. Den dagen skal folk som Herren har drepe, liggja der frå den eine enden av jorda til den andre. Ingen held syrgjehøgtid over dei, ingen samlar og gravlegg dei. Til gjødsel på marka skal dei verta.

34. Klag og skrik, de hyrdingar,velt dykk i støvet,de herrar over flokken!For tida er komendå de skal slaktast og spreiast;de skal falla ¬liksom utvalde kjerald.

35. Hyrdingane finn ikkje livd,det er inga bergingfor dei som er herrar ¬over flokken.

36. Høyr kor hyrdingane skrik,og leiarane i flokken klagar!For Herren herjar beita deira,

37. fredelege beitemarker ¬ligg aude,av di Herren ¬er brennande vreid.

38. Som ungløva har han gått ut ¬frå si gøymsle.No har Herren ¬i sin brennande vreidelagt landet i øyde ¬med sitt veldige sverd.

Les hele kapitlet Jeremia 25