Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:27-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.

28. Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de!

29. For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

30. Du skal tala alle desse profetorda til dei og seia: Herren skal torna frå det høge,la si røyst ljoma ¬frå sin heilage bustad.Han tornar over si beitemark,ropar lik folk ¬som trakkar druer,til alle som bur på jorda,

31. og lyden når heilt ¬til heimsens ende.For Herren har sak med folka,alle som lever, ¬stemner han for retten.Dei gudlause gjev han over ¬til sverdet,lyder ordet frå Herren.

32. Så seier Herren, Allhærs Gud:Ei ulukke skal spreia segfrå folk til folk.Med eit veldig uver ¬ber det laustfrå ytste enden av jorda.

33. Den dagen skal folk som Herren har drepe, liggja der frå den eine enden av jorda til den andre. Ingen held syrgjehøgtid over dei, ingen samlar og gravlegg dei. Til gjødsel på marka skal dei verta.

Les hele kapitlet Jeremia 25