Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia om heile Juda-folket, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og det fyrste året Nebukadnesar var konge i Babylonia,

2. og som profeten Jeremia bar fram for heile Juda-folket og alle Jerusalems-buane. Han sa:

3. I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra.

4. Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra.

5. Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.

6. Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk.

Les hele kapitlet Jeremia 25