Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 22:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Gråt ikkje over den døde,ver ikkje med og syrg ¬over han!Gråt heller over han ¬som fór bort,for han skal ikkje koma att,han får aldri meir ¬sjå sitt fødeland.

11. For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:Han som fór bort ¬frå denne staden,skal aldri koma att.

12. For han skal døy på den stadendei førte han bort til ¬som fange;og dette landet ¬skal han aldri meir få sjå.

13. Ve han som byggjer sitt hus ¬med urett,sine høgsalar med urettferd,han som lèt sin landsmann ¬træla for inkjeog ikkje gjev han ¬den løn han skal ha.

14. Han seier:«Eg vil byggja eit romsleg husmed luftige salar ¬i øvste høgda.»Så høgg han ut vindaugo,kler huset med sedertre ¬og målar det raudt.

15. Er det såleis du viser deg ¬som kongeat du brikjer med sedertre?Far din òg hadde mat ¬og drikke,men samstundes gjorde han ¬rett og rettferd,og då gjekk det han vel.

16. Han hjelpte armingarog fattigfolktil deira rett ¬– og det gjekk han vel.Er ikkje det å kjenna meg?lyder ordet frå Herren.

17. Men du har ikkje syn og sansfor anna enn eiga vinning.Du renner ut blodet ¬åt skuldlause,du fer med vald og ¬mishandling.

18. Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia:Ingen skal syrgja over han ¬og seia:«Å ve, bror min! ¬Å ve, syster mi!»Dei skal ikkje klaga over han ¬og seia:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19. Han skal få gravferd ¬som eit esel;dei skal slepa han bortog slengja han frå seglangt utanfor Jerusalems portar.

20. Stig opp på Libanon og rop,lat røysta di ljoma i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle dine elskarar er knuste.

21. Eg tala til deg då du var trygg,men du sa: ¬«Eg vil ikkje høyra.»Det var di vis frå din ungdomat du ikkje ville lyda meg.

22. Stormen skal gjæta ¬alle dine hyrdingar,dine elskarar skal førast bort ¬som fangar.Då vert du til spott og skamfor alt det vonde du har gjort.

Les hele kapitlet Jeremia 22