Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 21:10-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. For eg vender augo mot denne byen og vil senda ulukke og ikkje lukke, lyder ordet frå Herren. Byen skal gjevast i hendene på babylonarkongen, og han skal setja eld på han.

11. Om kongehuset i Juda.

12. Høyr Herrens ord, ¬du Davids ætt!Så seier Herren:Døm rettferdig kvar morgon,fri den som er rana, ¬or valdsmannens hand.Elles skal harmen min ¬loga som eldog brenna ¬utan at nokon sløkkjerfor alt det vonde de har gjort.

13. No kjem eg mot deg,du by som tronar over dalen,du berg på sletta,lyder ordet frå Herren.De seier:«Kven kan koma ned mot ossog trengja inn i våre ¬bustader?»

14. Men eg vil straffa dykk,det er frukta ¬av dykkar gjerningar,lyder ordet frå Herren.Eg set eld på skogen i byen,og han skal øyda alt ikring.

Les hele kapitlet Jeremia 21