Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Eg førte dykk ¬til eit veldyrka land,der de fekk nyta frukta ¬og grøda.Men då de kom dit inn,gjorde de landet mitt ureintog odelen min ¬til ein styggedom.

8. Prestane spurde ikkje: ¬«Kvar er Herren?»Og dei som syslar med lova, ¬kjende meg ikkje.Hyrdingane fall frå meg,profetane spådde ved Ba’alog heldt seg ¬til gagnlause gudar.

9. Difor vil eg framleisføra klagemål mot dykk,lyder ordet frå Herren,ja, føra klagemål ¬mot barneborna dykkar.

10. Far over til kittearøyane ¬og sjå,send bod til Kedar ¬og røk vel etter,ja, sjå om noko slikt har hendt!

11. Har noko folk bytt bort ¬sine gudar– endå dei ikkje er gudar?Men mitt folk har bytt bort ¬si æremot det som ikkje gagnar.

12. Reddast, du himmel,ja, skjelv av redsle over dette!lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 2