Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:29-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kvifor ligg de i strid med meg?De har alle gjort opprør ¬mot meg,lyder ordet frå Herren.

30. Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar;dei lét seg ikkje aga.Som ei herjande løvetynte dykkar sverd profetane.

31. De som høyrer denne ætta til,akta på Herrens ord!Har eg vore ¬som ei øydemark for Israeleller som eit kolmørkt land?Kvifor seier folket mitt:«Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?

32. Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnadeller ei brur sitt belte?Men mitt folk har gløymt megi uminnelege tider.

33. Kor vel du veit å finna vegennår du trår etter elskhug!Difor har du òg lært degå gå på vonde vegar.

34. Ja, på kappesnippane ¬har du blodav skuldlause fattigfolk,som du ikkje har gripe ¬i innbrot.

35. Likevel seier du:«Eg er skuldlaus,vreiden hans ¬har vendt seg frå meg.»No stemner eg deg for retten,for du seier: ¬«Eg har ikkje synda.»

36. Å, kor lett du tek detmed å velja ein annan veg!Men Egypt kjem òg til å verta ¬eit vonbrot for deg,like eins som Assur vart det.

37. Jamvel derifrå må du gåmed hendene over hovudet.For Herren har vrakadei du set di lit til.Du får inga nytte av dei.

Les hele kapitlet Jeremia 2