Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:28-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Kvar er då gudane ¬som du laga deg?Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.

29. Kvifor ligg de i strid med meg?De har alle gjort opprør ¬mot meg,lyder ordet frå Herren.

30. Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar;dei lét seg ikkje aga.Som ei herjande løvetynte dykkar sverd profetane.

31. De som høyrer denne ætta til,akta på Herrens ord!Har eg vore ¬som ei øydemark for Israeleller som eit kolmørkt land?Kvifor seier folket mitt:«Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?

32. Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnadeller ei brur sitt belte?Men mitt folk har gløymt megi uminnelege tider.

33. Kor vel du veit å finna vegennår du trår etter elskhug!Difor har du òg lært degå gå på vonde vegar.

34. Ja, på kappesnippane ¬har du blodav skuldlause fattigfolk,som du ikkje har gripe ¬i innbrot.

35. Likevel seier du:«Eg er skuldlaus,vreiden hans ¬har vendt seg frå meg.»No stemner eg deg for retten,for du seier: ¬«Eg har ikkje synda.»

Les hele kapitlet Jeremia 2