23. Korleis kan du seia:«Eg er ikkje urein,eg har ikkje sprunge ¬etter Ba’al-gudane»?Sjå kva du dreiv med ¬nede i dalen,og skjøn kva du har gjort!Du liknar ei lettføtt ¬kamelhoppesom renner hit og dit,
24. eit villesel, kjent på steppa.Ho syp etter anden ¬i sin brunst;kven kan døyva hennar trå?Dei som leitar etter henne,treng aldri springa seg trøytte;i paringstida ¬finn dei henne lett.
25. Lat ikkje foten din verta berr,og spar strupen din for torste!Men du svarar:«Nei, det er nyttelaust,for eg elskar dei framande, ¬dei vil eg fylgja.»
26. Som ein tjuv må skjemmast ¬når han vert gripen,såleis skal israelittane ¬skjemmast,både dei sjølve ¬og kongane deira,hovdingane, prestane ¬og profetane deira.
27. Dei seier til treet: ¬«Du er far min,»og til steinen: ¬«Du har født meg.»Dei snur ryggen til meg ¬og ikkje andletet;men når ulukka kjem, seier dei:«Reis deg og hjelp oss!»
28. Kvar er då gudane ¬som du laga deg?Lat dei reisa seg og hjelpa deg ¬når ulukka kjem!For du har like mange gudarsom du har byar, Juda.
29. Kvifor ligg de i strid med meg?De har alle gjort opprør ¬mot meg,lyder ordet frå Herren.
30. Til fånyttes slo eg ¬sønene dykkar;dei lét seg ikkje aga.Som ei herjande løvetynte dykkar sverd profetane.
31. De som høyrer denne ætta til,akta på Herrens ord!Har eg vore ¬som ei øydemark for Israeleller som eit kolmørkt land?Kvifor seier folket mitt:«Vi spring dit vi vil,vi kjem aldri meir til deg»?
32. Kan ei ungjente gløyma ¬sin prydnadeller ei brur sitt belte?Men mitt folk har gløymt megi uminnelege tider.
33. Kor vel du veit å finna vegennår du trår etter elskhug!Difor har du òg lært degå gå på vonde vegar.