Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 19:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Du skal seia: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over denne staden at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det,

4. fordi dei gjekk bort frå meg og vanæra denne staden. Der brende dei offer for andre gudar, som korkje dei eller fedrane deira hadde kjent. Og Juda-kongane fylte denne staden med blod av skuldlause.

5. Dei bygde offerhaugar for Ba’al og brende sønene sine i elden som brennoffer for Ba’al. Det har eg ikkje bode eller sagt dei; det har aldri vore i mine tankar.

6. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal kalla denne staden Tofet og Hinnom-dalen, men Drapsdalen.

7. På denne staden gjer eg Judas og Jerusalems planar til inkjes. Eg lèt dei falla for sverd beint framfor augo på fiendane deira, ved dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

8. Eg gjer denne byen til skræmsle og spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og spotta når dei ser alle dei sår han har fått.

Les hele kapitlet Jeremia 19