Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Han er lik ein busk ¬i øydemarka;han får ikkje sjå at lukka kjem,men held til ¬på dei turraste vidder,i eit saltlende, der ingen bur.

7. Velsigna er den mann ¬som lit på Herrenog set si von til han.

8. Han er lik eit tre ¬som er planta attmed vatnog tøyer røtene bort åt ¬ein bekk.Det reddast ikkje ¬når heten kjem,men står der ¬med lauvet grønt.Det sturer ikkje i turketiderog held ikkje opp ¬med å bera frukt.

9. Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven skjønar seg på det?

10. Eg, Herren, er densom granskar hjarta ¬og prøver nyrer.Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar.

11. Lik ei rapphøne ¬som ligg på eggho ikkje sjølv har vorpe,er den som vinn rikdom ¬med urett.Midt i si levetid ¬må han gå frå hanog står der til sist som ein narr.

12. Ein herleg kongsstol,opphøgd frå den fyrste tid,er staden ¬der vår heilagdom står.

13. Herre, du Israels von,alle som går bort frå deg,skal verta til skammar;dei som vik frå deg i landet,skal skrivast opp.For dei har gått bort ¬frå Herren,kjelda med levande vatn.

14. Læk meg, Herre, ¬så vert eg lækt!Frels meg du, ¬så vert eg frelst!For du er min lovsong.

15. Folk kjem og seier til meg:«Kvar vart det av Herrens ord?Lat det no koma!»

Les hele kapitlet Jeremia 17