Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Ver ikkje til redsle for meg!Du er mi livd på ulukkedagen.

18. Lat ikkje meg ¬verta til skammar,men dei som forfylgjer meg.Lat ikkje meg, men deiverta gripne av redsle!Lat ein ulukkedag ¬koma over dei,knus dei med eit dobbelt slag!

19. Så sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Juda-kongane går inn og ut, og i alle dei andre portane i Jerusalem,

20. og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, du Juda-folk og alle Jerusalems-buar, de som går inn gjennom desse portane.

21. Så seier Herren: Akta dykk, så sant de har livet kjært, så de ikkje ber bører på sabbatsdagen og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei.

22. Heller ikkje må de bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen eller gjera noko arbeid. De skal halda kviledagen heilag, så som eg baud fedrane dykkar.

23. Dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til, men var stridlyndte; dei lydde ikkje og tok ikkje imot lærdom.

24. Dersom de høyrer på meg, lyder ordet frå Herren, så de ikkje ber bører inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held kviledagen heilag og ikkje gjer noko arbeid då,

25. skal kongar som sit på Davids kongsstol, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane, både dei og hovdingane deira, Juda-mennene og Jerusalems-buane. Og det skal alltid bu folk i denne byen.

26. Då skal dei koma frå byane i Juda og bygdene kring Jerusalem, frå Benjamins-landet, Sjefela, fjell-landet og Negev og bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og ofra takkoffer i Herrens hus.

27. Men vil de ikkje lyda meg og halda kviledagen heilag, men kjem med bører inn gjennom Jerusalems portar på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem og skal ikkje slokna.

Les hele kapitlet Jeremia 17