Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 17:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Judas synd er skriven ¬opp med jerngriffelog rita inn med diamantstiftpå deira hjartetavle ¬og på altarhorna.

2. Sønene deira skal minnastaltara og Asjera-pålanesom dei hadde ¬under kvart grønt treog på høge haugar,

3. på bergtoppar ute i marka. Din rikdom og alle dine skattargjev eg til plyndring,like eins dine offerhaugartil straff for synda ¬i heile ditt land.

4. Av deg sjølv må du seia frå degden arven eg gav deg.Eg lèt deg træla for ¬dine fiendari eit land du ikkje kjenner.For vreiden min logar som eld,og han skal brenna for alltid.

5. Så seier Herren:Forbanna er den mannsom set si lit til menneske,som stør seg ¬til vesale skapningarog vender seg bort frå Herren.

6. Han er lik ein busk ¬i øydemarka;han får ikkje sjå at lukka kjem,men held til ¬på dei turraste vidder,i eit saltlende, der ingen bur.

7. Velsigna er den mann ¬som lit på Herrenog set si von til han.

8. Han er lik eit tre ¬som er planta attmed vatnog tøyer røtene bort åt ¬ein bekk.Det reddast ikkje ¬når heten kjem,men står der ¬med lauvet grønt.Det sturer ikkje i turketiderog held ikkje opp ¬med å bera frukt.

9. Hjarta er meir svikefullt ¬enn noko anna,det kan ikkje lækjast.Kven skjønar seg på det?

10. Eg, Herren, er densom granskar hjarta ¬og prøver nyrer.Eg løner kvar og ein ¬etter hans ferd,etter frukta av hans gjerningar.

Les hele kapitlet Jeremia 17