Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 14:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Difor seier eg, Herren, om dei profetane som spår i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, og som seier at det ikkje skal koma sverd og svolt her i landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetane.

16. Og folket som dei spår for, skal liggja slengt ikring på gatene i Jerusalem, tynt av svolt og sverd. Dei skal ikkje koma i grav, korkje dei sjølve eller konene, sønene og døtrene deira. Såleis renner eg deira eigen vondskap ut over dei.

17. Dette ordet skal du tala til dei:Tårene renn frå augo minenatt og dag, utan opphald.For folket mitt, ¬den unge dotter,har falle heilt i hopog fått eit ulækjande sår.

18. Går eg ut på marka,ser eg folk ¬som er drepne av sverd,og kjem eg inn i byen,ser eg dei som pinest av svolt.Jamvel profetar og prestarmå fara til eit land ¬dei ikkje kjenner.

19. Har du reint støytt Juda ¬frå deg,kjenner du berre motvilje ¬mot Sion?Kvifor har du elles slege ossså det ikkje finst helsebot ¬for oss?Vi har vona på fred og lukke,men det kjem ikkje noko godt;vi har venta ei tid ¬med lækjedom,men sjå, det er redsle som rår.

20. Vi kjenner vår vondskap, ¬Herre,og misgjerninga åt våre fedrar,for vi har synda mot deg.

21. For ditt namn skuld, ¬støyt oss ikkje bort,og lat ikkje vanære komaover din herlegdoms kongsstol.Kom i hug di pakt med oss ¬og bryt henne ikkje!

22. Kan andre folks gagnlause ¬gudar senda regn,eller kan himmelen sjølv ¬gje væte?Er det ikkje du, Herre, ¬som gjer det?Vi ventar på deg, vår Gud,for du har skapt alt dette.

Les hele kapitlet Jeremia 14