Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem.

10. Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko.

11. For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra.

12. Du skal tala dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Og når dei svarar deg: «Vi veit då godt at kvar krukke er til å fylla vin på»,

13. skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur her i landet, så dei vert drukne, både kongane som sit på Davids kongsstol og prestane, profetane og alt folket i Jerusalem.

14. Eg vil knusa dei, den eine mot den andre, både fedrar og søner, lyder ordet frå Herren. Utan skånsel, medkjensle eller miskunn vil eg gjera ende på dei.

15. Høyr og lyd etter,lat hovmodet fara!Det er Herren som talar.

16. Gjev Herren dykkar Gud ærefør han lèt det mørkna,før de snåvar og fellpå fjella når det skymest.De vonar på ljos,men det skal vertastummande mørker ¬og svart natt.

17. Men vil de ikkje høyra ¬på dette,må eg gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta så tårene renn frå augafordi Herrens folk ¬vert ført i fangenskap.

18. Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede,for no er den staselege kronafallen av hovudet dykkar.

19. Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar dei.Heile folket i Juda er bortført,bortført til siste mann.

20. Lyft augo dykkar og sjå:Der kjem dei frå nord!Kvar er no den flokken du fekk,dei fine sauene dine?

21. Kva vil du seianår dei du er van å ha til vener,vert sette til hovdingar ¬over deg?Då vil du vel gripast av riersom ei kvinne når ho skal føda.

Les hele kapitlet Jeremia 13