Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:14-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Eg vil knusa dei, den eine mot den andre, både fedrar og søner, lyder ordet frå Herren. Utan skånsel, medkjensle eller miskunn vil eg gjera ende på dei.

15. Høyr og lyd etter,lat hovmodet fara!Det er Herren som talar.

16. Gjev Herren dykkar Gud ærefør han lèt det mørkna,før de snåvar og fellpå fjella når det skymest.De vonar på ljos,men det skal vertastummande mørker ¬og svart natt.

17. Men vil de ikkje høyra ¬på dette,må eg gråta i løyndover hovmodet dykkar,gråta så tårene renn frå augafordi Herrens folk ¬vert ført i fangenskap.

18. Sei til kongen og kongens mor:Set dykk lenger nede,for no er den staselege kronafallen av hovudet dykkar.

19. Byane i Negev er stengde,det er ingen som opnar dei.Heile folket i Juda er bortført,bortført til siste mann.

20. Lyft augo dykkar og sjå:Der kjem dei frå nord!Kvar er no den flokken du fekk,dei fine sauene dine?

21. Kva vil du seianår dei du er van å ha til vener,vert sette til hovdingar ¬over deg?Då vil du vel gripast av riersom ei kvinne når ho skal føda.

22. Kanskje seier du ¬med deg sjølv:«Kvifor skal dette henda meg?»Jau, på grunn av di store skuldvart ditt slep lyft oppog dine lemer utsette for vald.

23. Kan ein neger skifta si hudeller ein leopard sine flekker?Då kan de òg gjera godt,de som er vane å gjera vondt.

24. No vil eg spreia dei ¬lik halmstråsom fyk for vind ¬utor øydemarka.

25. Det er din lut, din tiletla del,som du får frå meg,lyder ordet frå Herren,fordi du gløymde megog sette di lit til lygn.

26. Eg skal sjølv lyfta slepetopp over andletet på deg,så dei ser di skam,

27. ditt ekteskapsbrot, ¬di vrinskingog din skamlause ulivnad.På haugane og ute på markasåg eg den styggedom ¬du dreiv med.Ve deg, Jerusalem, ¬som ikkje vert rein!Kor lenge skal dette vara?

Les hele kapitlet Jeremia 13