Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»

2. Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.

3. Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde så:

4. «Ta det beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ei bergskorte.»

5. Eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, så som Herren hadde sagt meg.

6. Lang tid etter hende det at Herren sa til meg: «Stå opp og gå til Eufrat og henta beltet som eg bad deg gøyma der.»

7. Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.

8. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

Les hele kapitlet Jeremia 13