Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 13:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»

2. Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.

3. Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde så:

4. «Ta det beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ei bergskorte.»

5. Eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, så som Herren hadde sagt meg.

6. Lang tid etter hende det at Herren sa til meg: «Stå opp og gå til Eufrat og henta beltet som eg bad deg gøyma der.»

7. Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.

8. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

9. Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem.

10. Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko.

11. For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra.

Les hele kapitlet Jeremia 13