Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 10:5-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Gudebileta liknarfugleskræmsla i ein agurkåker;dei kan ikkje tala,og dei må berast, ¬for dei kan ikkje gå.Ver ikkje redde dei!Dei gjer ingen skade,men kan heller ikkje gjera ¬noko godt.

6. Ingen er som du, Herre.Stor er du,stort og mektig er ditt namn.

7. Kven må ikkje ottast deg,som det sømer seg,du konge over folkeslag.For mellom alle vismenn ¬hjå folka,i alle rike er ingen som du.

8. Alle saman er dumme som fe,frå gagnlause tregudar ¬har dei sin lærdom.

9. Platesølvet er kome frå Tarsisog gullet frå Ufas.Det er eit verk av treskjerar ¬og gullsmed,kledt i purpur, fiolett og raudt;alt er laga av kunstnarar.

10. Men Herren, ¬han er i sanning Gud,ein levande Gud ¬og ein evig konge.Jorda skjelv for hans harme,folka kan ikkje halda ut ¬hans vreide.

11. Så skal de seia til dei:«Dei gudar som ikkje skapte ¬himmel og jord,skal kverva frå jordaog ikkje finnast ¬under himmelen.»

12. Herren skapte jorda ¬med si kraft,han grunnla fastlandet i visdomog spente ut himmelen ¬med skjøn.

13. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen,han lèt skodd stiga opp ¬frå enden av jorda,han lèt lyna blinka ¬og regnet fallaog sender vinden ¬frå hans opplagsrom.

14. Alle menneske er dumme ¬og uvituge.Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete,dei støypte bileta hans er lygn,det er ikkje ånd i dei.

15. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta,i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei.

16. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del,for det er han som skaper alt.Israel er hans eiga ætt.Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

17. Pakk sekken, far ut or landet,du som bur i ein kringsett by!

18. For så seier Herren:Denne gongen slengjer eg bortdei som bur i landet;eg fører dei ut i trengsle,så dei skal finna meg.

19. Ve meg, for eit slag!Ulækjande er mitt sår.Dette er berre ei lidingsom eg må tola, tenkte eg.

20. Teltet mitt er herja,og alle teltsnorer avslitne.Borna mine har fare frå meg, ¬dei er borte;det er ikkje lenger nokonsom set opp teltet mittog spenner ut teltdukane.

21. For gjætarane er dumme ¬som fe,dei søkjer ikkje Herren.Difor har dei ikkje lukka ¬med seg,og heile flokken deira ¬er spreidd.

Les hele kapitlet Jeremia 10