1. Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt.
2. Så seier Herren: Ven dykk ikkje til å gjera ¬som andre folkog reddast ikkje teikn ¬på himmelen,endå om andre folk reddast dei.
3. For skikkane åt folka ¬er ingenting verde.Dei høgg eit tre i skogen,ein treskjerar lagar det til ¬med øks,
4. han pryder det med sølv og gullog fester det med naglar ¬og hamar,så det står støtt.
5. Gudebileta liknarfugleskræmsla i ein agurkåker;dei kan ikkje tala,og dei må berast, ¬for dei kan ikkje gå.Ver ikkje redde dei!Dei gjer ingen skade,men kan heller ikkje gjera ¬noko godt.