Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 1:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: «Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn.

10. Eg set deg i dag ¬over folk og riketil å rykkja opp og riva ned,til å øydeleggja og bryta sund,til å byggja og planta.»

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.»

12. Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»

13. Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.»

14. Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka ¬sleppast lausover alle som bur i landet.

15. For sjå, eg kallar på alle folki rika der nord, seier Herren.Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstolbeint framfor portane ¬i Jerusalem,mot alle murane ikringog mot alle byane i Juda.

16. Då vil eg døma dei ¬for all deira vondskap,fordi dei vende seg bort ¬frå meg,brende offer for andre gudarog tilbad ting ¬dei sjølve hadde laga.

17. Men du, spenn beltet om livetog stå fram og tal til deialt det eg byd deg!Ver ikkje redd dei,elles gjer eg deg redd dei!

18. Sjå, eg gjer deg i dag ¬til ei fast borg,til ein jernstolpe ¬og ein bronsemurmot heile landet,mot kongane og ¬stormennene i Juda,mot prestane og folket ¬i landet.

19. Dei skal strida mot deg, ¬men ikkje vinna;for eg vil vera med deg ¬og berga deg,lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 1