Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 1:2-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans.

3. Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.

4. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

5. «Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg,og før du vart fødd, ¬helga eg deg;til profet for folka sette eg deg.»

6. Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»

7. Då sa Herren til meg: «Sei ikkje: Eg er så ung!Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til,og alt det eg byd deg, ¬skal du tala.

8. Ver ikkje redd dei,for eg vil vera med deg ¬og berga deg,»lyder ordet frå Herren.

9. Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: «Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn.

10. Eg set deg i dag ¬over folk og riketil å rykkja opp og riva ned,til å øydeleggja og bryta sund,til å byggja og planta.»

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.»

12. Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»

13. Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.»

14. Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka ¬sleppast lausover alle som bur i landet.

15. For sjå, eg kallar på alle folki rika der nord, seier Herren.Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstolbeint framfor portane ¬i Jerusalem,mot alle murane ikringog mot alle byane i Juda.

Les hele kapitlet Jeremia 1