Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 1:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet.

2. Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans.

3. Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.

4. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

5. «Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg,og før du vart fødd, ¬helga eg deg;til profet for folka sette eg deg.»

6. Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!»

Les hele kapitlet Jeremia 1