1. Gled deg ikkje, Israel!Jubla ikkje ¬som dei andre folka!I utruskap har du gått bort ¬frå din Gud,du ville gjerne ha horelønpå alle stader ¬der dei treskjer korn.
2. Så skal ikkje treskjevollog vinpresse gje dei føde,og vinhausten skal mislukkast ¬for dei.
3. Dei skal ikkje få bu ¬i Herrens land.Efraim skal attende til Egypt,og i Assyria ¬skal dei eta urein mat.
4. Dei skal ikkje ofra vin ¬til Herren,deira slaktoffer ¬skal ikkje tekkjast han.Det skal vera ¬som syrgjebrød for dei,alle som et det, vert ureine.For dei har sitt brød ¬for seg sjølve,det kjem ikkje til Herrens hus.
5. Kva vil de gjera ¬på høgtidsdagen,på Herrens festdag?
6. Sjå, kjem dei seg unna ¬øydelegginga,skal egyptarane samla deiog folket i Memfis ¬gravleggja dei.Nesler skal løyna ¬deira sølvskattar,klunger skal veksa i deira telt.