Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 9:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Gled deg ikkje, Israel!Jubla ikkje ¬som dei andre folka!I utruskap har du gått bort ¬frå din Gud,du ville gjerne ha horelønpå alle stader ¬der dei treskjer korn.

2. Så skal ikkje treskjevollog vinpresse gje dei føde,og vinhausten skal mislukkast ¬for dei.

3. Dei skal ikkje få bu ¬i Herrens land.Efraim skal attende til Egypt,og i Assyria ¬skal dei eta urein mat.

4. Dei skal ikkje ofra vin ¬til Herren,deira slaktoffer ¬skal ikkje tekkjast han.Det skal vera ¬som syrgjebrød for dei,alle som et det, vert ureine.For dei har sitt brød ¬for seg sjølve,det kjem ikkje til Herrens hus.

5. Kva vil de gjera ¬på høgtidsdagen,på Herrens festdag?

Les hele kapitlet Hosea 9