Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 6:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim?Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda?Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky,lik dogg som tidleg kverv.

5. Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane,eg drep dei ¬med ord frå min munn;mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset.

6. For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer,gudskjennskap heller ¬enn brennoffer.

7. Dei braut pakta i Adam,der var dei trulause mot meg.

8. Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn,han er full av blodspor.

9. Presteflokken er lik røvararsom ligg på lur etter menneske;dei myrdar på vegen til Sikem.Ja, skamlaust verk ¬har dei gjort.

10. I Israels hus ser eg fæle ting;der driv Efraim utukt,der gjer Israel seg urein.

11. For deg òg, Juda,er det fastsett ein haust.

Les hele kapitlet Hosea 6