1. Kom, lat oss venda om ¬til Herren!For han som reiv sund, ¬vil lækja oss;han som slo, ¬vil binda om våre sår.
2. Han vekkjer oss til liv ¬etter to dagar,den tredje dagen ¬reiser han oss opp,så vi kan leva for hans åsyn.
3. Lat oss læra å kjenna Herren,ja, jaga etter å kjenna han!Han kjem like visstsom ljoset om morgonen.Han kjem til oss som regnet,lik vårregn som væter jorda.
4. Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim?Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda?Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky,lik dogg som tidleg kverv.
5. Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane,eg drep dei ¬med ord frå min munn;mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset.
6. For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer,gudskjennskap heller ¬enn brennoffer.
7. Dei braut pakta i Adam,der var dei trulause mot meg.
8. Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn,han er full av blodspor.