1. Høyr dette, de prestar,lyd etter, du Israels ætt!Kongehus, vend øyra til!For de har ansvar for retten,men de har vorte ¬ei snare for Mispa,eit utspent nett på Tabor
2. og ei djup fallgrav i Sjittim.Men eg vil tukta dei alle.
3. Eg kjenner Efraim,og Israel er ikkje løynd for meg.For no har du drive utukt, ¬Efraim,Israel har gjort seg urein.
4. Deira gjerningar hindrar deii å venda om til sin Gud.For dei har ei utuktsånd ¬i hjartaog kjenner ikkje Herren.
5. Israels byrgskap vitnar ¬mot han sjølv,Israel og Efraim skal snåva ¬i si synd,og Juda skal snåva med dei.
6. Når dei kjem ¬med sitt småfe og storfe,og søkjer Herren,finn dei han ikkje;han har vendt seg bort frå dei.
7. Dei har vore trulause ¬mot Herren,for dei har fått uekte born.No skal nymånen gjera endebåde på dei og jorda deira.
8. Lat hornet gjalla i Gibea,blås i trompet i Rama,lyft hærrop, Bet-Aven!Dei er etter deg, Benjamin!
9. Efraim skal verta ei øydemarkden dagen straffa kjem. Mellom Israels ætter ¬har eg kunngjortdet som visseleg skal henda.
10. Juda-hovdingane har vortelik folk som flytter ¬merkesteinar.Over dei vil eg ausa utmin harme liksom vatn.
11. Efraim er trælka,retten er trakka under fot;for folket gav seg til å fylgjadet som ingenting er.
12. Eg er som verkjesår for Efraim,som ròtenskap for Juda-ætta.