Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 4:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Folket mitt skal gå til grunnefordi det ikkje kjenner Gud.Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han,vrakar eg deg som prest.Du gløymde lova åt din Gud,difor gløymer eg òg ¬dine søner.

7. Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg,si ære bytte dei bort i skam.

8. Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira ¬misgjerning.

9. Difor går det presten ¬som folket;eg vil straffa han for hans ferdog løna han ¬for hans gjerningar.

10. Dei skal eta og ikkje mettast,driva utukt og ikkje auka i tal;for dei har vendt seg bort ¬frå Herrenog bryr seg ikkje om han.

11. Utukt, vin og annan rusdrikkgjer ende på vitet.

12. Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds,og spådomsstaven ¬gjev dei svar.For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt,i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud.

13. Øvst oppå fjella ofrar dei;dei brenner offer på haugane,under eiker, poplar ¬og terebinter,for skuggen av dei er god.Difor driv døtrene ¬dykkar utukt,og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

Les hele kapitlet Hosea 4