Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 4:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Difor skal landet visna,og alle som bur der, ¬tærast bort;både dyra på marka ¬og fuglane i lufta,jamvel fisken i havet ¬skal rydjast ut.

4. Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon.Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest.

5. Du skal falla om dagen,og profeten skal falla ¬med deg om natta;og mor di vil eg tyna.

6. Folket mitt skal gå til grunnefordi det ikkje kjenner Gud.Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han,vrakar eg deg som prest.Du gløymde lova åt din Gud,difor gløymer eg òg ¬dine søner.

7. Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg,si ære bytte dei bort i skam.

8. Dei lever av mitt folks syndog lengtar etter deira ¬misgjerning.

9. Difor går det presten ¬som folket;eg vil straffa han for hans ferdog løna han ¬for hans gjerningar.

Les hele kapitlet Hosea 4